Vår eigen dal
Stiklestad-tonane: dikt 1961.
Verdal, du ligg her med Noreg sitt sterke, dyraste hjarteblod drøypt i din barm. S t i k l e s t a d   lyfter eit strålande merke bore av Herrens allmektige arm. Olav ein gong låg på kne her på sletta, brennande bad han for folk og for land. Bøna rakk fram, og då jorda var metta, såkornet døydde, men grodde og vann. Bringa di brei attmed Trondheimsfjord kviler, åsane stig imot Kjølen i aust. Snøkrynte blåfjell i vårsola smiler, kryp inn i kåpa av skodde mot haust. Bekkene sildrar i lægder og lier, elva går leirgrå sin sjølveigne veg. Ofte ho tek så det sårar og svider, blømande vollar i grådjupet dreg. Djervt nedpå Stiklestad-teigen det ljoma: «Kristmenner, krossmenner, kongsmenner, fram!» Gjev dette ropet med velde må koma, sopa bort alt som er dalen til skam! Heil deg, du dal, og du døl som eig bu her! Heil deg, du ungdom som vågar eit slag. Olav den Heilage bygde deg bru her, sjå henne, gå henne, no er det dag! Nauda og gråten var gjester i dalen tidt gjennom krigar og borkebrødstid. Mannsblodet dropla i ufred på valen, kvinnene hadde sin stillslege strid. Viljen vart skirsla i tidene tunge, - hardt for ein trønder å bøyast i kne! Bønene steig ifrå gamle og unge; atter kom våren med fridom og fred. Vårnatta mjuk mellom åsane drøymde, såkornet levde i grornæme mold. Nattvinden vart over vangane strøymde, vårblomen vogga på veldyrka voll. Uventa då steig det skrik ifrå djupet, dødsklokka svinga sin veldige kolv. Heimane kvarv i det leirgråe glupet. Døden fekk sanke inn hundreogtolv .* Dalen er vår. Høyr, det susar i skogen, hjalar frå fjellet og blenkjer på fjord: «Her skal du verne med handa på plogen arven den dyre frå far og frå mor!» Guds gav oss dalen med emne og grøde, signe Han alt som i truskap blir gjort, grunnfeste trygt gjennom medgang og møde kjærleik til det som i sanning er stort! * Det store jordfallet 19. mai 1893. |
![]() |
skrevet av Bjarne Slapgard
Bjarne Slapgard (født 11. november 1901 i Verdal - 25. desember 1997 i Levanger) var en norsk forfatter og folkehøgskole-lærer. |
Abnescio ble utdanna ved universitetet i Trondheim. Og bor nå ved byen Molde. Og er barnebarn av Bjarne Slapgard. |